Kystpilegrimsleia – er reise som rører
Kystpilegrimsleia går frå Egersund til Trondheim, og det er totalt 26 nøkkelstader langs leia, som er stadar med stor kulturell og historisk interesse. Kystpilegrimsleia er ein godkjent Europeisk kulturveg.
Ei spektakulær og vakker reise langs kysten med fjord, øyar, holmar og skjær – ei saga frå viking til pilegrim. Du kan lesa meir om Kystpilegrimsleia på www.pilegrimsleden.no. Der finn du også meir om dei andre åtte godkjende pilegrimsleiene i Noreg.
Regionalt pilegrimssenter Smøla skal bidra til å koordinere reiser mellom dei 11 nøkkelstadane i dei to fylka Møre og Romsdal og Trøndelag. Regionalt pilegrimssenter Smøla vil ha til oppgåve å legge til rette for hjelp og støtte til pilegrimar, næringsliv, organisasjonar og interessentar ved nøkkelstadane i Trøndelag og Møre og Romsdal. Dei 11 nøkkelstadane er: Herøy med Herøy kyrkje og Herøy Kystmuseum, Borgund, Giske, Veøya ved Molde, Kvernes på Averøy, Smøla med Edøy gamle kyrkje og Kulisteinen, Hitra med Dolm middelalderkyrkje og Hopsjø handelssted, Frøya med Sula, Ørland med Ørland kyrkje og Åustråttborgen, Reins kloster og Museet Kystens arv i Indre Fosen og Nidarosdomen.
Audhild Mork er nyleg tilsett som prosjektleiar i 50% stilling ved Regionalt pilegrimssenter Smøla. Senteret er organisert under Nordmøre museum
Regionalt pilegrimssenter Smøla er etablert ved Gurisenteret på Edøy, Smøla. Her kan du vandre til Gamle Edøy Kirke, Kulisteinen, Edøystjerna og Vikingskipet.
Regionalt Pilegrimsenter Smøla vil vere ope frå 20. juni – 20. august. Les meir om pilegrimssenteret på: https://pilegrimsleden.no/interessepunkter/regionalt-pilegrimssenter-smola.
Den offisielle markeringa 1. juni frå kl. 13 – 17 vil p.g.a. Covid-19 og smittevern tiltak berre vere open for inviterte gjestar. Opptak av arrangementet vert sendt digitalt via Smølapuls klokka 19 same dag. Det vil koma representantar for Møre og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Smøla kommune, Nasjonalt pilegrimssenter, Den norske kyrkja og ei rekke andre interessentar.
Om nokon kan tenke seg å ta pinsehelga på Smøla, så vil vi verkeleg anbefale det!
Gå inn på www.opplevsmola.no , der finn de både overnattingsmoglegheiter, matservering og opplevingar. https://www.gurisentret.no/
Hjarteleg velkomne til Smøla!
Ta kontakt med Audhild Mork
Prosjektleiar Nordmøre museum – Regionalt Kystpilegrimsenter
Tel: 95025286 Epost: audhild.mork@nordmore.museum.no